NUCH Viksalan Mohkki 20.04.2003-06.08.2018

For ein hund, for ein lærdom, for ein livsreise sammen

med denne fantastiske skapningen. Etter at me fekk

vår første Lapphund i 2001 bestemte me oss for at

dette er ein rase verdt å legge avlsarbeide i, Mohkki ble

vår lapphund nr 2 og første avlshund. Av alle hunder

me har hatt (collie, dobermann, beagle, bayer)

lapphunden Mohkki lærte oss så utrolig masse.

Heilt nydelig lynne som lapper skal ha, ellers var

Mohkki eit sjølstendig og egenrådig troll. Sta som eit

esel, tålmodig som få, klovnen i flokken, så monge rare

søte sprell og lydar, sånn heilt ut av det blå. Ho hadde

ei vanvittig matlyst, sjøl når hu var døden nær av

livmorbettennelse var matlysten på topp. Sååå god

med valpane sine når ho hadde kull, og like tålmodig

og god med andre sine valpar. Når ho skulle ha første

kullet sitt gravde ho ei stor hule under ei rot i

skogkanten (me bur i skogkanten da) der skulle ho ha
valper sa ho. Eg kontakta dyrlege for å hørre om dette

var normalt og fikk til svar at eg hadde nok ein hund

med masse urinstinkt, og det måtte eg berre ta hensyn

til. Så då var det berre å rigge seg til i huleåpningen da.

Klarte å lokke henne inn rett før første valpen kom,

Mohkki var full av jord og mose og alt var fryd og

gammen.

 

Mohkki var utrolig sprek og utholdende, og tok seg meir enn gjerne ein tur på egen labb, ho klatra galant over høge gjerder, eller grov seg tunnellar. Ein gang kunne det gått ille.....ho har i løpet av nåken år klart å laga seg ein tunnel frå hagen langs grunnmuren på huset og inn under belegningssteiner som ligg eit nivå høgare enn hagen, der fikk ho steinene i håve og blei sittande fast, godt at Karen kom på besøk, ung og sprek måtte ho krype inn og grave Galskapen ut. Geir har etterkvart laga eit fort rundt hagen og det blei sprikra gittersperrer
under huset.

Du vett, bilder av lapphunder i sitt rette element e jo ofta i snøen...flaks at Mohkki havna på ei øy på sørvestlandet. For når Mohkki kunne vasse ut i vann eller sjø, helst med masse deilig tare, og sette seg ner og svinge med pompen. Du all verden for eit nytetryne hu fekk  Siste gang me var ved sjøen orka ho ikkje gå over rullesteinane men blikket var tydelig...eg bar henne t sjøen og la henne forsiktig ner i tareskogen, så låg hu der og nøyt bølgeskvulpet ei stund før ordren kom, løft meg opp igjen!

Om Mohkki var gjeter? Tja, ho tiltrekte seg iallefall allskens dyr, var venner med alle. Ein sommar budde det ei kråke hos oss, Mohkki sleika og stella fjør, og kråka pirka og hadde tannstell på lappen.

På tur med flokken fikk ofte Mohkki masse oppmerksomhet, fordi hu sto rolig og fint for å bli kost med, men og fordi ho blei tatt for å vere valp. Det året Mohkki blei mestvinnande  veteran 2014, trodde Unni ho var
valp. Kan ein få bedre kompliment da? Sist gang ho blei tatt for å ver valp var ho over 12 år. Men sånn utstilling var ikkje heilt etter Mohkki sin smak, og det viste ho tydelig, så for å få vist henne fram måtte det møkje smisking til, herremin, eg var ofte heilt utslitt etter å stillt det krypet. Men med ein gang me kom utafor det sperretauet, DÅ retta skrullå seg opp så klart. Makan! Men det blei nå Champion av henne da, på sjølvaste
NLK sin spesial i Drammen 2006. På spesialen på Kongsberg i år blei dommar Per Harald Nymark rørt til tårer når han fikk høre alderen på henne, 15 år, så då sto me der då og blei klissvåte i fjeset begge to.

Mohkki har vore fantastisk frisk heile livet

(bortsett frå livmorbettennelsen)  fikk 3

ormebitt på ein gang når ho var 10 år, fikk

ørnenase og pelikanhals, matlysten var på

topp, ho hadde alle tennene inntakt

15 år og 4 mnd. Det er eg stolt av!

Desverre har HD statistikken ikkje vore til

å rope hurra for på Mohkki sine avkom, men

eg har eit oldebarn etter henne, hos Øystein

bur Lappehiets Nurket Niita, som har eit

snev av vakre, ville, vidunderlige Mohkki i seg.

Og forhåpentlig kan Niita få små Mohkkitroll

til sommaren

Dei siste månedene av livet forsvant gradvis denne sjølstendigheten, Mohkki blei fryktelig avhengig av meg, ho blei engstelig når eg forlot rommet ho var i, dei siste dagane satt ho inni bilen istedet for bak med dei andre. Eg reiste til "tante" Kari, dyrlegen vår, for å følge Mohkki på den siste reisen. Det var utrolig vondt og trist, mange ville følge, men dette var ei stund som var for berre Mohkki og meg. Me hadde oss ein prat mens ho sovna stille inn i fanget mitt, eg fikk takka for alt og jammen trur eg at ho takka meg tebars då ho la labben på låret mitt. Det var godt og det var rett og så får eg håpe at me treffast igjen. Mohkki mi!

© 2023 by Sarah Lane. Proudly created with Wix.com

  • Facebook Basic Black
  • Twitter Basic Black
  • Black Instagram Icon
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now